User:Lacey/Hægstad

From Nynorn
Jump to navigation Jump to search

V

Fyreord.




Det er no 126 aar sidan skotten Low skreiv upp sine »specimens of the Norn language« paa Shetland, men ennu hav ikkje desse siste og einaste atterstodor av norsk maal i nokon samanheng fraa desse øyarne voret vitskapleg granska, endaa dei millom anna inneheld ei forvitneleg gamall folkevisa, som visseleg hev verde ikkje berre i maal- vegen, men ogso med umsyn til skyldskapen i anndslivet millom folki i norderlandi.

I min ungdom (hausten 1869) gjorde eg ein freistnad med aa tolka dette kvadet etter prof. P. A. Munchs avtrykk i Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie. Daa eg fekk meining i sumt, vaaga eg syna ein landsmaalsumsetnad av kvadet til prof. Sophus Bugge. Dette hadde for meg personleg den verknaden at eg fekk uppmoding til vitskaplegt arbeit; men tolkningi kom ikkje lenger og var det helder ikkje verd, daa ho var for grannbygd og let altfor mange stader staa i det same myrket som fyrr.

Fraa den tidi hev eg daa helder ikkje faast med dette emne fyrr i vetter. Eg hadde leset dei gamle diplomi fraa Shetland og Orkn- øyarne og Jakobsens bok um Det norrøne sprog paa Shetland, og tok til aa granske Lows prøvor av Shetlandsmaalet for maalføret si skuld. Da vakna den gamle hug til aa faa greida paa den maalgaate Hil- dinakvadet hev voret, og eg gav meg til med det paa nytt lag.

Det er meg kunnigt at prof. Sophus Bugge, prof. Moltke Moe og den danske vitskapsmann Jakobsen hev gjort fyrebuingar til ei tolk- ning av dette kvad. Men daa den tolkningi sjølvsagt vil taka mykjet anna med enn det som for meg hev voret fyremaalet: sjølve maal- formi, daa det vel helder ikkje er so visst naar det verket vert ferdugt, og daa tidi no synest vera komi til at ein fyrste freistnad paa dette umkverve vert gjort, vaagar eg meg her til aa leggja fram frukti av

VI

mitt arbeid: ei gransking av maalformi i Lows prøvor av Shetlands- maalet, medan upphavet til visa og samanhengen med andre norder- lendske former ikkje er umhandla.

Til stort mein i eit slikt arbeid er det at me hev so mange slag ljodskrift. Sjølv fylgjer eg helst prof. Joh. Storm, men Jakob Jakobsen brukar ei onnor skrift, og i citati av Hans Ross og Ivar Aasen hev eg bruke deira, — berre at eg hev umbytt den ulaglege aa med å (som Joh. Storm) —, naar eg ikkje sjølv var viss paa den rette uttale.

Att i boki hev eg sett ei ordlista, der ein vil finna alle dei ord Low i sine prøvor hev skrivet upp or Norn, ogso ordbitarne og ord- klumparne, med tilvisningar til »grammatiken«. Nokre fleire spursmaals- teikn hadde det visst voret torv til.

19 — 3 — 1900.


M. H.